Salmane 89:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Det står age av Gud ¬i rådet åt dei heilage,han er stor og ageleg ¬for alle ikring han.

9. Kven er som du, ¬Herre, Allhærs Gud?Mektig er du Herre,og truskap har du ¬ikring deg.

10. Du råder over ¬det stolte havet;når bylgjene reiser seg, ¬stiller du dei.

11. Du knuste Rahab ¬som ein fallen krigar,dine fiendar spreidde du ¬med din sterke arm.

12. Din er himmelen, ¬og di er jorda;du har grunnlagt verda ¬og alt det som fyller henne.

13. Nordheimen og sørheimen, ¬du har skapt dei,Tabor og Hermon ¬jublar over ditt namn.

14. Du har ein arm ¬med veldig kraft,sterk er di hand, ¬di høgre er lyft.

15. Rett og rettferd er grunnvoll ¬for din kongsstol,miskunn og truskap ¬går føre deg.

Salmane 89