Salmane 89:48-53 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

48. Kom i hug ¬kor kort mi levetid er!Kor forgjengelege dei er,alle menneske ¬som du har skapt!

49. Kvar finst den mannen ¬som ikkje må døy,som kan berga seg ¬frå helheims vald? Sela

50. Kvar vert det av dei gjerningar, ¬Herre,som du før har vist oss ¬i din nåde,og som du med eidlova David i din truskap?

51. Herre, kom i hug ¬din tenars vanære!Spott frå folka må eg tola.

52. For dine fiendar spottar, Herre,dei spottar din salvevigde, ¬kvar han går.*

53. Lova vere Herren til evig tid! ¬Amen, amen.

Salmane 89