7. Den dag eg er i naud, ¬ropar eg til deg,for du vil bønhøyra meg.
8. Herre, mellom gudar ¬er ingen som du,og ingen gjerningar er ¬som dine.
9. Alle folk som du har skapt,skal koma ¬og bøya seg for deg, Herre,og æra ditt namn.
10. For du er stor, ¬og du gjer under.Einast du er Gud.
11. Herre, lær meg din veg,så eg kan ferdast ¬i di sanning!Gjev meg eit udelt hjarta,så eg kan ottast ditt namn!
12. Eg takkar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta;min Gud, eg vil evig æra ¬ditt namn.
13. For din truskap mot meg ¬er stor,frå det djupe dødsriket ¬har du fria meg ut.
14. Frekke menn ¬reiser seg mot meg, Gud,ein flokk av valdsmenn ¬står meg etter livet.Dei har ikkje deg for auga.