9. Høyr, mitt folk, ¬eg formanar deg!Israel, gjev du ville høyra ¬på meg!
10. Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud,du skal ikkje tilbe andre gudar!
11. Eg er Herren din Gud,som førte deg opp frå Egypt.Lat munnen opp, ¬så fyller eg han!
12. Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg,Israel ville ikkje lyda meg.
13. Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var;og dei fylgde sine eigne planar.