6. Renn din vreide ut ¬over framande folk,som ikkje kjenner deg,renn han ut over kongerike,der ingen kallar på ditt namn.
7. For dei har gjort ende på Jakobog lagt hans bustad i øyde.
8. Tilrekna oss ikkje dei syndersom våre fedrar gjorde.Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn!For no er det ille med oss!
9. Hjelp oss, Gud,du som er vår frelsar,så ditt namn kan verta æra.Fri oss ut for ditt namn skuld,og tilgjev våre synder!
10. Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Gjer det kjent mellom folka,og lat oss få sjå at du tek hemnfor det utrende blodet ¬av dine tenarar.
11. Høyr korleis fangane sukkar!Løys med din veldige armdei som er vigde til døden!