Salmane 69:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Lat ikkje dei som vonar på deg,Herre, Allhærs Gud,verta vonbrotne over meg!Lat ikkje dei som søkjer deg,verta til skammar for mi skuld, ¬Israels Gud!

8. For di skuld må eg tola spott;mitt andlet raudnar av skam.

9. Eg har vorte ein framand ¬for brørne mine,ein ukjend mann ¬for sønene åt mor mi.

10. Ja, brennhug for ditt hus ¬har ete meg opp;spottord frå dei ¬som spottar deg,har falle på meg.

11. Når eg gret og fasta,vart eg spotta for det.

12. Når eg tok på meg syrgjeklede,vart eg til eit ordtak for dei.

13. Dei snakkar om meg ¬når dei sit i porten,og syng om meg ¬i sine drikkelag.

Salmane 69