26. Lat leiren deira verta aud,så ingen bur i deira telt.
27. For dei forfylgjer ¬den du har slege,og aukar pinsla åt den ¬du har gjennomstunge.
28. Legg skuld til den skulda ¬dei har,lat dei ikkje få del i di frelse!
29. Lat dei strykast ut ¬or livsens bokog ikkje skrivast opp ¬med dei rettferdige.
30. Men eg er arm og full av liding;Gud, lat di frelse verna meg!
31. Eg vil prisa Guds namn ¬med songog hylla han med takkesong.
32. Det vil Herren heller ha ¬enn offerdyr,enn oksar med horn ¬og klauver.
33. Dei hjelpelause ¬skal sjå det med glede.Gjev de må leva,de som søkjer Gud!
34. For Herren høyrer bøna ¬åt dei fattige,han vanvørder ikkje ¬sine eigne som er fangar.