Salmane 68:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Du driv dei bort som røyk.Dei gudlause går til grunne ¬for Guds åsyn,lik voks som brånar for elden.

4. Men dei rettferdige gleder seg,dei jublar for Gud ¬med fryd og glede.

5. Syng for Gud, ¬og pris hans namn!Ryd veg for hansom fer fram ¬gjennom øydemarkene.Herren er hans namn ¬– jubla for han!

6. Ein far for farlause, ¬ein forsvarar for enkjerer Gud i sin heilage bustad.

7. Gud lèt einsame finna ¬ein heim,han fører ut fangar ¬til lukke og trivsel,men opprørarar må bu ¬i eit audt og avsvidt land.

8. Då du drog ut ¬framfor folket ditt, Gud,og skreid fram ¬gjennom øydemarka, Sela

Salmane 68