Salmane 6:2-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide,og tukt meg ikkje i din harme!

3. Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus.Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd.

4. Mi sjel er gripen av redsle.Kor lenge, Herre?

5. Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut,frels meg i di miskunn!

6. For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug.Kven prisar vel deg i dødsriket?

7. Eg er trøytt av å sukka,med tårer væter eg mi lege,eg græt kvar natt, ¬så senga er våt.

8. Mitt auga er sløvt av bitter sorgog dimt av all den motstand ¬eg møter.

Salmane 6