Salmane 54:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David,

2. då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»

3. Frels meg ved ditt namn, Gud,og hjelp meg til min rett ¬med di kraft!

4. Høyr mi bøn, Gud,vend øyra til dei ord eg talar!

5. For framande har reist seg ¬mot meg,valdsmenn står meg etter livet.Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela

6. Men sjå, Gud er min hjelpar,det er Herren ¬som held meg oppe.

Salmane 54