9. Reinsa meg for synd med isop,vaska meg, ¬så eg vert kvitare enn snø!
10. Lat meg kjenna fryd og glede,lat dei bein du knuste, jubla!
11. Løyn ditt åsyn ¬for mine synder,og stryk ut all mi skuld!
12. Gud, skap i meg ¬eit reint hjarta,gjev meg ei ny og stødig ånd!
13. Kasta meg ikkje bort ¬frå ditt åsyn,ta ikkje frå meg ¬din Heilage Ande!
14. Lat meg atter få fryda meg ¬over di frelse,hald meg oppe ¬med ei viljug ånd!
15. Så vil eg læra brotsmenn ¬dine vegar,og syndarar skal venda om ¬til deg.
16. Fri meg, Gud, frå blodskuld,– du Gud som er min frelsar!Så skal eg jubla over di rettferd.
17. Herre, lat opp mine lipper,så min munn kan lovprisa deg.