6. Eg har sår som luktar ¬og renn av verk,fordi eg var så uvitug.
7. Eg er kroket, ja, heilt nedbøygd,og går og syrgjer dagen lang.
8. Mine hofter er fulle av verk,ingenting er friskt i min kropp.
9. Eg er heilt kraftlaus og knekt;eg skrik fordi mitt sinn ¬er i opprør.
10. Herre, du ser ¬kva eg lengtar etter,mitt sukk er ikkje løynt for deg.
11. Mitt hjarta hamrar, ¬krafta sviktar,jamvel ljoset i augo er borte.
12. Mine vener og frendarsnur seg bort frå mi plage,mine næraste held seg ¬langt unna.
13. Dei som står meg etter livet,set snarer for meg;dei som vil meg vondt,talar om å tyna megog tenkjer dagen lang på svik.