Salmane 33:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. – han som har laga ¬kvar manns hjarta,og merkjer seg alt det dei gjer.

16. Stor makt gjev ¬ingen konge siger,stor styrke bergar ¬ingen mann i krig.

17. Hesten er ein svikefull hjelpar,han bergar ingen ¬med all si kraft.

18. Men Herrens auga kviler på deisom ottast han ¬og ventar på hans miskunn,

19. så han kan fria dei frå dødenog berga dei ¬gjennom hungersnaud.

20. Vi ventar med lengsle ¬på Herren;han er vår hjelp og vårt skjold.

21. Vårt hjarta gleder seg i han;for vi set vår lit ¬til hans heilage namn.

22. Lat di miskunn vera over oss, ¬Herre!Det er deg vi ventar på.

Salmane 33