Salmane 31:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Du gav meg ikkje i fiendehand,men lét meg ferdast i ope lende.

10. Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Mitt auga sløvest av bitter sorg,ja, mi sjel og min lekam òg.

11. Livet mitt kverv i sut,åra går med sukk.Min styrke sviktar ¬på grunn av mi skuld,og beina i kroppen veiknar.

12. Eg vert til spott ¬for mine fiendar,til hån for alle mine grannar.For dei som kjenner meg, ¬er eg ei gru,på gata går folk ¬av vegen for meg.

13. Som ein død er eg gløymd ¬og ute or tankar,eg er som eit sundslege kjerald.

14. Eg høyrer mange som kviskrar– å, redsle på alle kantar! –når dei samrår seg mot megog tenkjer på å ta mitt liv.

Salmane 31