Salmane 21:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. For kongen set si lit til Herren.Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast.

9. Di hand skal finna ¬alle dine fiendar,di høgre skal nå ¬dei som hatar deg.

10. Du lagar eit logande bål av deiså snart du viser deg.Herren tyner dei i sin vreide,elden et dei opp.

11. Du rydjar ut deira born ¬frå jorda,deira etterkomarar ¬frå manneætta.

12. Når dei legg vonde planar ¬mot deg,og tenkjer på svik,skal det ikkje lukkast.

13. For du får dei til å rømanår du siktar på dei med bogen.

14. Reis deg, Herre, i ditt velde!Med song og spel ¬vil vi prisa ditt storverk.

Salmane 21