11. Sitjande på kjerubar flaug han,fór fram på vengene åt vinden.
12. Han gjorde mørkret ¬til si gøymsle,og kring seg hadde han ¬som eit teltsvarte, regntunge skyer.
13. Frå stråleglansen framføre hankom det ut or skyenehagl og gloande kol.
14. Herren torna i himmelen,Den Høgste lét røysta si lydagjennom hagl og gloande kol.
15. Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,med lyn i mengd ¬skræmde han dei.
16. Rennene på havbotnen ¬kom til synes,grunnvollane under jorda ¬viste segdå du truga, Herre,ja, bles og fnyste av vreide.