1. Av David. Lova vere Herren, mitt berg,som lærer opp mine hender ¬til stridog mine fingrar til krig!
2. Herre, mi miskunn og mi borg,mi festning ¬og min bergingsmann,mitt skjold, ¬som eg set mi lit til,du som legg folkeslag ¬under meg!
3. Herre, kva er vel eit menneske,sidan du kjennest ved det,eit menneskebarn, ¬sidan du aktar på det?
4. Mennesket er ¬som ein vindpust,dei dagar det lever, ¬som ein kvervande skugge.
5. Herre, senk din himmel ¬og stig ned,rør ved fjella, så det ryk av dei!
6. Lat lyna blinka, ¬så fiendane vert spreidde!Skyt dine piler, ¬så dei vert skræmde!
7. Rett ut di hand frå det høge,fri meg og frels meg ¬frå det djupe vatnet,frå dei framande mennene,
8. frå dei som brukar sin munn ¬til lygnog si høgre hand til svik.
9. Gud, eg vil syngja ein ny songog spela for deg ¬på tistrengja harpe,