Salmane 139:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Anten eg går eller ligg, ¬så ser du det,du kjenner alle mine vegar.

4. Ja, før eg har eit ord på tunga,veit du det, Herre, fullt ¬og heilt.

5. Du kringset meg på alle ¬sider,du har lagt di hand på meg.

6. Det er for underfullt ¬til å skjøna,det er så høgt ¬at eg ikkje kan fatta det.

7. Kvar skal eg fara frå din Ande,kvar skal eg røma frå ditt åsyn?

8. Fer eg opp til himmelen, ¬så er du der,og reier eg lege i dødsriket, ¬så er du der òg.

9. Tek eg morgonrodens ¬venger påog slår meg ned ¬der havet endar,

Salmane 139