Salmane 119:23-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Om hovdingar sit ¬og samrår seg mot meg,grundar din tenar ¬på dine føreskrifter.

24. Ja, dine lovbod er mi lyst,det er dei som gjev meg råd.

25. Eg ligg hjelpelaus i støvet.Hald meg i live etter ditt ord!

26. Eg fortalde om mine vegar,og du svara meg.Lær meg dine føreskrifter!

27. Lat meg skjøna den veg ¬dine føresegner viser!Eg vil grunda på dine under.

28. Eg græt og syrgjer sårt.Reis meg opp etter dine ord!

29. Hald meg borte ¬frå lygnevegen,og unn meg i nåde di lov!

30. Truskapsvegen har eg valt,dine domar har eg for auga.

31. Eg held fast på dine lovbod.Herre, lat meg ikkje verta ¬til skammar!

Salmane 119