156. Stor er di miskunn, Herre,fell din dom og lat meg leva!
157. Mange forfylgjer meg ¬og står meg imot;men eg vik ikkje ¬frå dine lovbod.
158. Eg ser med uvilje ¬på dei trulause,som ikkje gjev akt på ditt ord.
159. Sjå, eg elskar dine føresegner!Herre, du som er trufast, ¬hald meg i live!
160. Summen av dine ord er sanning,evig er all din rettferdige dom.
161. Om stormenn forfylgjer meg ¬utan grunn,så har eg age for ditt ord ¬i mitt hjarta.
162. Eg gleder meg over ditt ord,lik ein som fører bort ¬stort hærfang.
163. Eg hatar og avskyr lygn,og eg elskar di lov.
164. Sju gonger om dagen ¬prisar eg degfor dine rettferdige domar.
165. Dei som elskar di lov, ¬har fred og lukke,ingen ting får dei til å snåva.
166. Eg set mi von ¬til di frelse, Herre;og dine bod har eg halde.
167. I min hug ¬tek eg vare på dine lovbod,ja, eg elskar dei høgt.
168. Dine bod og føresegner ¬har eg halde,du kjenner alle mine vegar.
169. Lat mitt klagerop ¬koma fram for deg, Herre,gjev meg skjøn etter ditt ord!
170. Lat mi inderlege bøn ¬koma fram for deg,berga meg etter ditt ord!
171. Frå mine lipper ¬skal lovsongen strøyma,for du lærer meg ¬dine føreskrifter.
172. Eg skal syngja om dine ord,for alle dine bod er rettferdige.