Salmane 119:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. I hjarta gøymer eg ditt ord,så eg ikkje skal synda mot deg.

12. Lova vere du, Herre!Lær meg dine føreskrifter!

13. Med mine lipper reknar eg oppalle domane frå din munn.

14. Når eg ferdast ¬etter dine lovbod,er eg glad ¬som om eg hadde all rikdom.

15. Eg vil grunda ¬på dine føresegnerog tenkja på dine stigar.

16. Dine føreskrifter er mi lyst,eg gløymer ikkje dine ord.

17. Gjer vel mot din tenar,så eg kan leva ¬og halda dine ord.

18. Lat opp mine augo, ¬så eg kan sjådei underfulle ting i di lov!

19. Eg er ein gjest på jorda,løyn ikkje dine bod for meg!

20. Stendig fortærest mi sjelav lengsle etter dine domar.

21. Du har truga dei frekke ¬og forbanna,som fer vilt og bryt dine bod.

22. Ta spott og vanvørdnad ¬frå meg,for eg held dine lovbod.

Salmane 119