Salmane 119:101-108 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

101. Eg held min fot ¬frå kvar vond stig,så eg kan ta vare på ditt ord.

102. Eg har ikkje vike ¬frå dine domar,for du har lært meg opp.

103. Å, dine ord er søte ¬for min gane,betre enn honning ¬for min munn.

104. Av dine føresegner får eg vit,difor hatar eg alle falske stigar.

105. Ditt ord er ei lykt for min fotog eit ljos på min stig.

106. Eg har svore ¬– og det har eg halde –å fylgja dine rettferdige domar.

107. Djupt er eg nedbøygd, Herre;hald meg i live etter ditt ord!

108. Ta vel imot mitt songoffer, ¬Herre,og lær meg dine domar!

Salmane 119