Salmane 118:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Når Herren er med, ¬reddast eg ikkje.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

7. Når Herren er min hjelpar,kan eg sjå på mine fiendar ¬utan otte.

8. Det er betre å fly til Herrenenn å setja si lit til menneske.

9. Det er betre å fly til Herrenenn å setja si lit til stormenn.

10. Alle folkeslag kringsette meg;eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

11. Dei var ikring meg ¬på alle kantar;eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

12. Dei var ikring meg som bier.Dei slokna som eld i klunger;eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

13. Dei støytte meg hardt, ¬eg heldt på å falla,men Herren kom meg til hjelp.

Salmane 118