Salmane 109:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i,som eit belte ¬han alltid bind om seg!

20. Lat dette vera Herrens løntil dei som klagar megog talar vondt imot meg!

21. Men, Herre, du min Herre,gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld!Berga meg i din godleik ¬og truskap!

22. For eg er arm og fattig,mitt hjarta er såra i min barm.

23. Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar;som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.

24. Knea sviktar fordi eg fastar,min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.

25. Eg har vorte til spott for dei,dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.

26. Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn!

Salmane 109