Salmane 106:30-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Då stod Pinhas fram ¬og felte dom,og dermed stogga pesten.

31. Difor vart han rekna ¬for rettferdigfrå ætt til ætt i alle tider.

32. Dei harma Gud ¬ved Meriba-kjelda;for deira skuld ¬gjekk det Moses ille.

33. Dei gjorde han beisk i hug,så han tala ¬utan å tenkja seg om.

34. Dei rudde ikkje ut ¬folka i landet,som Herren hadde sagt ¬dei føre,

35. men blanda seg med andre folkog lærte å gjera som dei.

36. Dei dyrka deira avgudsbilete,og dei vart ei snare for dei.

37. Dei ofra sine søner og døtrertil dei vonde åndene.

Salmane 106