Salmane 106:15-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då lét han dei få det ¬dei kravde,men gav dei avsmak på maten.

16. Dei vart harme på Moses ¬i leirenog på Aron, ¬som var vigsla til Herren.

17. Då opna jorda seg, ¬gløypte Datanog gøymde flokken åt Abiram.

18. Det braut ut eld ¬i flokken deira,og logen øydde ¬dei gudlause menn.

19. Ved Horeb laga dei ein kalvog tilbad det støypte biletet.

20. Dei bytte bort si ære i eit bileteav ein okse som et gras.

21. Dei gløymde Gud, sin frelsar,som gjorde storverk i Egypt,

22. undergjerningar ¬i hamittarlandetog skræmelege ting ¬ved Sevsjøen.

23. Han sa at han ville rydja dei ut,men Moses, ¬den mannen han hadde kåra,la seg imellom og hindraat Gud i sin harme ¬gjorde ende på dei.

24. Dei vanvørde det fagre landetog trudde ikkje på hans ord.

25. Misnøgde murra dei i sine teltog høyrde ikkje ¬på Herrens røyst.

26. Då lyfte han handa imot dei,ville slå dei ned i øydemarka,

Salmane 106