Salmane 102:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras,for eg har gløymt ¬å eta mitt brød.

6. Eg sukkar og styn,eg er berre skinn og bein.

7. Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka,er vorten som ugla ¬på aude stader.

8. Eg ligg vaken,eg er som ein einsleg fugl ¬på taket.

9. Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen,dei som gjer narr av meg,brukar mitt namn ¬til forbanning.

10. Eg må eta oske som brød,eg blandar min drikk ¬med tårer,

11. fordi du er harm ¬og vreid på meg;du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.

12. Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest,eg visnar bort som gras.

Salmane 102