Sakarja 8:20-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal det koma folkeslag, ja, folk frå store byar,

21. og folket i den eine byen skal fara til den andre og seia: «Kom, lat oss gå og be Herren om nåde, lat oss søkja Herren, Allhærs Gud! Eg òg vil gå med.»

22. Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren, Allhærs Gud, i Jerusalem, og be Herren om nåde.

23. Så seier Herren, Allhærs Gud: I dei dagar skal ti menn av alle tungemål og folk ta fatt i kappesnippen åt ein jødisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»

Sakarja 8