Sakarja 8:10-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. For før den tida hadde korkje folk eller fe noko att for strevet sitt. Korkje dei som gjekk ut eller dei som kom inn, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

11. Men mot den resten som er att av dette folket, vil eg ikkje vera som før i tida, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

12. I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt, jorda skal gje grøde og himmelen dogg. Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige.

13. Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, skal de verta til velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men frimodige!

14. For så seier Herren, Allhærs Gud: Liksom eg sette meg føre å senda ulukke over dykk den gongen fedrane dykkar eggja meg til vreide, seier Herren, Allhærs Gud, og eg ikkje endra mitt forsett,

15. har eg i desse dagar vendt om og sett meg føre å gjera vel mot Jerusalem og Juda-ætta. Ver ikkje redde!

Sakarja 8