4. Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap.
5. Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.»
6. Den dagen vil eg la hovdingane i Juda verta som ei glopanne i ein vedhaug og som ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda ut, til høgre og til venstre, alle folka rundt ikring. Men folket i Jerusalem skal framleis bu trygt i byen sin.
7. Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda.
8. Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei.
9. Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem.