25. Omskjeringa er nok til gagn for deg, men berre om du held lova. Bryt du lova, er du som ein uomskoren.
26. Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast for omskoren, endå han ikkje er det?
27. Den som i det ytre er uomskoren, men held lova, han skal døma deg. For du bryt lova trass i omskjering og skriven lov.
28. For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen.
29. Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.