17. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.
18. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg!
19. No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.»
20. Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!
21. Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
22. Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen.
23. Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att.
24. Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til?