Ordtaka 9:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Dårskapen er ¬ei vinglande kvinne,lauslyndt og vitlaus er ho.

14. Ho sit utfor husdøra si,på ein stol høgt oppe i byen.

15. Ho ropar til dei ¬som ferdast på vegen,som går sine stigar beint fram:

16. «Hit kan den urøynde ¬venda seg.»Og til den tankelause seier ho:

17. «Stole vatn smakar godt,og herleg er maten ¬ein et i løynd.»

18. Men han skjønar ikkje ¬at der held daudingar til,at dei som gjestar henne, ¬går til helheims djup.

Ordtaka 9