Ordtaka 6:24-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Dei skal verna deg ¬mot vond kvinne,mot den sleipe tunga ¬åt framand kvinne.

25. Trå ikkje etter hennar venleik,lat deg ikkje fanga ¬av hennar strålande augo!

26. Ei hore kan du få ¬for ein brødleiv;men ei gift kvinnedriv jakt på dyre menneskeliv.

27. Kan nokon sanka glør i fangetutan at kleda tek til å brenna?

28. Eller kan nokon gå på glørutan å svida føtene?

29. Så går det densom ligg med kona ¬åt nesten sin.Ingen som rører henne,kjem ustraffa frå det.

30. Vert ikkje tjuven vanvørdnår han stel for å stilla svolten?

31. Vert han gripen, ¬må han bøta sjudobbelt,han må gje frå seg ¬alt det han har i huset.

Ordtaka 6