Ordtaka 6:21-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Knyt dei alltid til hjarta ditt,og bind dei fast om halsen din!

22. Når du går, skal dei leia deg,når du ligg, skal dei verna deg,og når du vaknar, ¬skal dei tala til deg.

23. For bodet er ei lykt ¬og læra eit ljos,refsing og tukt ¬er ein veg til livet.

24. Dei skal verna deg ¬mot vond kvinne,mot den sleipe tunga ¬åt framand kvinne.

25. Trå ikkje etter hennar venleik,lat deg ikkje fanga ¬av hennar strålande augo!

26. Ei hore kan du få ¬for ein brødleiv;men ei gift kvinnedriv jakt på dyre menneskeliv.

27. Kan nokon sanka glør i fangetutan at kleda tek til å brenna?

28. Eller kan nokon gå på glørutan å svida føtene?

29. Så går det densom ligg med kona ¬åt nesten sin.Ingen som rører henne,kjem ustraffa frå det.

30. Vert ikkje tjuven vanvørdnår han stel for å stilla svolten?

Ordtaka 6