Ordtaka 5:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Framand kvinne ¬har honning på lippa,sleipare enn olje ¬er hennar tunge.

4. Men til sist er ho beisk ¬som malurtog kvass ¬som eit tvieggja sverd.

5. Hennar fotsteg fører til døden,til dødsriket går hennar fet.

6. Ho aktar ikkje på livsens stig,ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.

7. Så høyr på meg, mine born,vik ikkje av frå dei ord eg talar!

8. Hald deg unna ¬annan manns kone,kom ikkje nær hennar dør!

9. Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre,dine beste år ¬til ein nådelaus herre.

Ordtaka 5