13. Hald alltid fast ¬på det du har lært,ta vare på det, for det er ditt liv.
14. Slå ikkje inn ¬på gudløysings stig,fylg ikkje vegen dei vonde går.
15. Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og ¬gå utanom!
16. Dei gudlause får ikkje sovautan at dei har gjort ¬eitkvart vondt;dei misser svevnenom dei ikkje har fått ¬einkvan til å falla.
17. For vondskap er maten dei et,og valdsferd er vinen ¬dei drikk.
18. Men stigen åt dei rettferdige ¬er lik morgonglima,som vert bjartare og bjartare ¬til det er ljos dag.
19. Men den vegen dei vonde går, ¬er som kolmørkret;dei veit ikkje kva dei snåvar i.
20. Lyd på det eg seier, son min,vend øyra til og høyr mine ord!
21. Slepp dei aldri ut or syne,gøym dei djupt i hjarta!
22. For dei er liv ¬for den som finn dei,og helsebot for heile kroppen.
23. Ta vare på hjarta ¬framfor alt du tek vare på,for livet går ut frå det.