Ordtaka 30:18-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Det er tre ting som er ¬for underfulle for meg,og fire som eg ikkje skjønar:

19. ørns flòg over himmelen,orms veg over berget,skips veg på havetog manns veg ¬til ei ung kvinne.

20. Så ber ei trulaus kvinne seg åt:Ho et og turkar seg ¬om munnenog seier: «Eg har ikkje ¬gjort noko gale.»

21. Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola:

22. trælen når han vert konge,og dåren ¬når han får eta seg mett,

23. attergløyma ¬når ho vert gift,og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24. Det finst fire ¬som er små på jorda,og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25. Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk,men om sommaren ¬finn han seg føde.

26. Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke,og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27. Grashoppene har ingen konge,men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

Ordtaka 30