Ordtaka 28:24-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Den som røvar ¬frå far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd,»han er jamgod ¬med drapsmenn.

25. Den havesjuke ¬valdar strid og trette,den som lit på Herren, trivst.

26. Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre,men den som ferdast ¬med visdom, vert berga.

27. Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud,men den som ikkje ¬vil sjå nauda,får mykje forbanning over seg.

28. Når dei gudlause har ¬framgang, ¬held folk seg borte,når dei går til grunne, ¬får dei rettferdige makt.

Ordtaka 28