Ordtaka 28:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Ein mann som har gjort seg ¬skuldig i drap,han er på flukt mot grava,og ingen må halda han att.

18. Den som er heil i si ferd, ¬vert berga,men den som går krokvegar, ¬fell i grava.

19. Den som dyrkar si jord, ¬får eta seg mett;den som jagar etter fåfengd, ¬får nøgda av armod.

20. Ein trufast mann ¬får rik velsigning,men ingen slepp straff ¬når han spring etter rikdom.

21. Det er ille å gjera skil på folk,ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit.

22. Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom,og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud.

23. Den som refser ein mann, ¬får sidan større takkenn den som fer med smiger.

24. Den som røvar ¬frå far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd,»han er jamgod ¬med drapsmenn.

Ordtaka 28