Ordtaka 27:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,dei godtrune går på og ¬må bøta.

13. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han ¬for framand kvinne.

14. Når nokon med høg røystvelsignar sin neste ¬tidleg om morgonen,er det å rekna ¬som ei forbanning.

15. Si-drop frå taket ¬ein regnversdagog trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.

16. Å stansa henne ¬er som å halda på vind,som å gripa olje ¬med høgre handa.

17. Jern sliper jern,og det eine mennesket ¬sliper det andre.

18. Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det;den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.

Ordtaka 27