Ordtaka 25:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på,og stig ikkje fram ¬på stormenns plass!

7. For det er betre ¬dei seier til deg:«Kom og set deg her oppe!»enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding.Kva du så ser med eigne augo,

8. ver ikkje for snar ¬til å reisa sak!For kva vil du gjera til sistnår nesten din ¬fører skam over deg?

9. Før di sak med nesten din,men ber ikkje ut ¬annan manns løyndom!

10. Elles vil den som høyrer det, ¬spotta deg,og du får for alltid ¬uord på deg.

11. Som eple av gull i skåler ¬av sølver ord ein talar i rette tid.

12. Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint guller den vise som refser ¬ein mann som vil høyra.

13. Som svalande snø ¬ein dag i skurdener ein påliteleg bodberar ¬for sin herre,han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han.

Ordtaka 25