Ordtaka 23:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. For han er ein mann ¬med baktankar.Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,»men hjarta hans ¬er ikkje med deg.

8. Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att,dine venlege ord er spilt møde.

9. Du skal ikkje tala til ein dåre,for han vanvørder ¬dine kloke ord.

10. Flytt ikkje gamle merkesteinar,og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!

11. For deira løysingsmann ¬er sterk,han skal føra saka ¬dei har med deg.

12. Ver viljug ¬til å høyra på formaning,og lyd på kloke ord!

13. Lat ikkje guten vera utan tukt!Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.

14. For når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.

Ordtaka 23