Ordtaka 23:26-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Son min, gjev meg hjarta ditt,bruk augo og akta ¬på mine vegar!

27. Ei skjøkje er som ei djup grav,ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.

28. Ja, ho ligg på lur som ein røvar,og aukar talet ¬på trulause menn.

29. Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve,kven har strid, ¬og kven må klaga?Kven har utan grunn fått sår,og kven har sløve augo?

30. Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk,dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.

31. Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er,kor fint han blenkjer i staupet,og kor lett han renn ned.

32. Sistpå bit han som ein slangeog høgg som ein hoggorm.

33. Då ser augo dine ¬underlege ting,og du talar tull og tøv.

34. Det er som låg du ¬midt utpå havet,eller klengde deg ¬til mastetoppen.

35. «Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt;dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje.Når skal eg vakna or rusen?Då vil eg få tak i meir vin.»

Ordtaka 23