Ordtaka 21:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Den rikdom ein vinn ¬med lygn,er ein kvervande pust,og han fører til døden.

7. Dei vonde vert bortrivne ¬av si eiga valdsferd,for dei vil ikkje gjera ¬det som er rett.

8. Skuldtyngd mann ¬går krokete vegar,men den reine fer ærleg fram.

9. Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

10. Den gudlause har hug ¬til det vonde,hans neste finn ingen velvilje ¬hjå han.

11. Når ein spottar må bøta, ¬vert den urøynde klok,og lærer du ein vis, ¬tek han kunnskapen til seg.

12. Den rettferdige aktar ¬på gudløysings hus,han støyter dei vonde ¬ut i ulukke.

13. Den som stengjer sitt øyra ¬når armingen skrik,skal sjølv måtta ropa ¬og ikkje få svar.

14. Ei gåve i løyndom ¬mildnar vreide,det ein får i fanget, ¬stiller stor harme.

Ordtaka 21