10. To slag vekt og to slag måler begge ein styggedom ¬for Herren.
11. Alt guten syner i si ferdom livet hans vert reint og rett.
12. Øyra som høyrer, ¬og auga som ser,er begge skapte av Herren.
13. Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig,opnar du augo, ¬får du deg mat.
14. «Ringt, ringt,» seier kjøparen,men skryter av handelen ¬når han går bort.
15. Det finst gull og perler ¬i mengd,men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.
16. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han for framande!
17. Godt smakar brød ¬som er vunne med svik,men sidan fyllest munnen ¬med småstein.