Ordtaka 17:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord,enn mindre for ein stormann ¬å lyga.

8. Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren,kvar han vender seg, ¬går det han godt.

9. Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap,den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.

10. Skjenn har betre verknad ¬på den vitugeenn hundre slag på dåren.

11. Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør,men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.

12. Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar,enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.

13. Når nokon løner godt ¬med vondt,skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.

14. Å yppa strid ¬er som å opna for vatn.Hald opp før tretta bryt laus!

15. Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdiger ein styggedom for Herren.

Ordtaka 17