Ordtaka 13:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom,ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.

9. Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt,men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.

10. Hovmod fører berre til trette,kloke er dei som tek imot råd.

11. Lettvunnen rikdom ¬minkar snart,den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.

12. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.

13. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,den som ottast bodet, får løn.

14. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

15. Den som har godt vit, ¬vinn velvilje,men svikarars veg ¬fører til ulukke.

Ordtaka 13