Ordtaka 13:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd,men gudløyse fører ¬ein syndar til fall.

7. Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje.

8. Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom,ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.

9. Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt,men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.

10. Hovmod fører berre til trette,kloke er dei som tek imot råd.

11. Lettvunnen rikdom ¬minkar snart,den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.

12. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.

13. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,den som ottast bodet, får løn.

14. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

Ordtaka 13