8. Den dagen vil eg sannelegrydja ut dei vise or Edomog dei kloke frå Esaus fjell,lyder ordet frå Herren.
9. Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle,kvar einaste mann skal drepastog rydjast bort frå Esaus fjell.
10. For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din,skal du sveipast i skam.Du skal rydjast ut for alltid.
11. Den dagen du heldt deg borte,den dagen framande ¬røva hans gods,då utlendingar gjekk inn ¬i hans portog kasta lodd om Jerusalem,då var du òg som ein av dei.
12. Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror dindå ulukka råka han,ikkje gledt deg over judearaneden dagen dei gjekk til grunne,og ikkje bruka så store ordden tid dei var i naud.
13. Du skulle ikkje ha trengt inni porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen.Du skulle slett ikkje ¬ha gledt degover det dei leid den dagen,og ikkje rett handa utetter rikdomen deiraden usæle dagen.